Hardanger Skyspace av James Turrell

Fra NOK 120

Opplev lysverket Hardanger Skyspace!


Den amerikanske kunstnaren James Turrell sine kjende skyspace-verk er kunstbygg som lar tilskodaren sjå naturens lys på ny.
Hardanger Skyspace er eit slikt permanent kunstverk i Øystese ved Hardangerfjorden.


Om James Turrell

Den amerikanske lyskunstnaren James Turrell (fødd i 1943) hadde sitt gjennombrot på 1960-tallet, og har gjennom kunstnarskapen sin vore oppteken med lys og mennesket sin persepsjon av lys. Han nyttar naturen i kunsten sin og spelar på lag med denne.
I tillegg til kunstnar er Turrell utdanna pilot og gjer bruk av fysikk og astronomi i kunsten sin.
På nyskapande måtar utforskar han vår oppleving av lys, farge og rom – og kunsten hans vekkjer merksemd over hele verda.
I dag vert han rekna for å vere ein av dei mest respekterte og omtykte kunstnarane på verdsbasis
.
Turrell sin kunst er i høg grad sanseleg, og direktør ved Moderna Museet i Stockholm, Daniel Birnbaum, har skildra arbeidet hans som kunst med universell relevans og at den i høg grad også fascinerer dei som ikkje vanlegvis oppsøkjer samtidskunst. Denne typen kunstverk fremjar i stor grad kontemplasjon og nærleik til naturen.


Om Skyspace
Hardanger Skyspace er ein versjon av James Turrell sin  Skyspace-verk som er plassert på vel 80 stader over heile verda - her tilpassa dei lokale tilhøva ved Hardangerfjorden .Skyspace-verka til Turrell er utforma som arkitektoniske rom og dei ligg i eit grenseland mellom arkitektur og installasjon.
Verket i Hardanger er åttekanta på utsida og ellipseforma på innsida. Det finst ein innebygd benk langs veggane i rommet der det er plass til kring 18 menneske.
I taket er det ei opning som går rett ut til himmelen. Frå innsida ser ein mot, og på, himmelen.

I perioden som utgjer soloppgang og solnedgang vert tusenvis av LED-lys aktiviserte av ein datamaskin som er stilt inn mot lystilhøva på det gjeldande tidspunktet på døgnet. LED-lysa er i sakte fargeendring og spelar opp mot
himmelen ute, medan himmelen spelar opp mot lysa inne i verket.
Lyset endrar seg frå intense til rolige fargeovergangar.
Lysklangane er avhengige av årstid, vêrtilhøve og breiddegrad, samt plassering i terrenget. Om sommaren kan kunstopplevinga føregå i mange timar både morgon og kveld, medan den om vinteren kan vere kort og dermed ofte meir intens.


Hardanger Skyspace er ein del av tilbodet ved Kunsthuset Kabuso / www.kabuso.no



 

Fra NOK 120

Bestill nå!

Høydepunkt

  • Slow Art
  • Sanseopplevingar i særklasse
  • Magisk fargebad
  • Opplev lyset og veret
  • Ei solid meditasjonsøkt

Reiserute

  1. Hardanger Skyspace